Skriv ut

Signalen

31
besøk

Lett fottur i flott natur. Flotte utsiktspunkt undervegs og på toppen. Fantastisk utsikt mot storhavet og Erkna i vest, Storholmen i nord, og heile runden Vigra, Nordøyane, Gamlemsveten, Sunnmørsalpane, Ellingsøya, Ålesund, Hareidlandet og Godøya og Giske.
Turen tek 20-30 minutt. Med små barn må ein rekne 45 minutt.

Turen til Signalen på Valderøyfjellet startar frå parkeringsplassen ved Kolvikparken i Skaret på Valderøya. Når du køyrer nordover Øvstevegen på Valderøya tar du opp til venstre ved Spar-butikken og køyrer opp langs husrekkja lengst oppe mot skogen der du finn ein parkeringsplass ved enden av vegen.

På det høgste punktet Signalen på 231 moh. står det ein steinvarde. Herifrå er det fantastisk utsikt i alle retningar. Du ser mot storhavet i vest med Erkna og Storholmen fyr, vidare ser du heile runden med Vigra, Nordøyane, Gamlemsveten, Sunnmørsalpane, Ellingsøya, Ålesund, Hareidlandet, Godøya og Giske.

Bli med!